10 av 155 turer
Foto: Arna Aktiv
Byfjellene i Bergen

Einhovden - boltreplass for borna

Turen går frå parkeringsplass ved Stølsvegen i Indre Arna. Frå parkeringsplassen kan ein velje å gå mot nord på Rambergsvegen eller mot sør på Reppardalsvegen. Denne turen går sørover på Reppardalsvegen som svingar seg oppover lia aust for Arnatveit. Etter omlag 2 km på grusvegen vil turmålet Einhovden kome til syne på venstre side. Gjennom ei grind og nokre meter rett vest vil ein møte utsyn over Arnadalen og moglegheit til å søkje ly i gapahuken.

Om ein vil halde fram på grusvegen vil ein kunne nå Arnanipa eller naturreservatet Reppardalen.

Vis på kartLes mer på UT.no
Område:
Byfjellene i Bergen
Vanskelighetsgrad:
Enkel
Passer for:
Voksne, barn
Varighet:
1 time
Lengde:
4,4 km
Type tur:
Fottur
Anbefalt turperiode:
Hele året
Nærmeste togstasjon:
Arna stasjon