Korleis arbeider vi for å vere miljøvenlege?

NSB er eit miljøvenleg selskap, og vår viktigaste miljøoppgåve er å få fleire til å reise med tog.

Ei jernbane med dobbelt spor kan frakte like mange passasjerar som to firefelts motorvegar. Det at både menneske og gods blir frakta med tog bidreg dermed til å løyse klimautfordringane verda står overfor.