Publisert:

Arbeidshelg på Vossebanen 30. september – 1. oktober

Frå natt til laurdag 30. september til søndag 1. oktober klokka 12 er det arbeidshelg på jernbanen mellom Bergen og Dale. NSB køyrer buss for tog.

NSB rår passasjerane til å sjekke avgangstidene sidan bussane brukar lengre tid enn toget, og nokre bussar køyrer før rutetida til toget. 
 
I Arna skal Bane NOR rive restane av vegbrua i Reinane, nord for opninga til Ulriken tunnel. Det vert også sprengingsarbeid i det same området. På Arna stasjon skal delar av ein plattform rivast, og det vert bygd gjerde langs sporet.

16 små tunnelar 

Inne i nye Ulriken tunnel skal Bane NOR bore og meisle bort ein del av berget for å få tilgang inn til den gamle tunnelen. Det skal og på plass skytematter i den gamle tunnelen for å gjere klart til å sprengje fleire tverrslag mellom tunnelane seinare. Til saman 16 slike små tunnelar på tvers skal nyttast til rømmingsvegar og teknisk utstyr.
 
I Kalfarveien i Bergen skal Bane NOR rive ein lagerbygning som ligg tett opp mot jernbanelinja. I Fløen held også arbeidet fram med å demontere tunnelboremaskina Ulrikke.
 
På strekninga mellom Dale og Arna vert det utført ein del mindre kontroll- og vedlikehaldsoppgåver.
 
Sjølv om den vanlege togtrafikken er innstilt, kan det kome arbeidstog på sporet når som helst. Alle som bur og ferdast langs jernbanen må vere forsiktige.
 
Kontaktpersonar for media:
Buss for tog: Henning Lirhus, NSB, Henning.Lirhus@nsb.no, tlf. 916 66 064
Arbeid i Arna og Ulriken tunnel: Ingvild Eikeland, Bane NOR, Ingvild.Eikeland@banenor.nor, tlf. 982 49 707