Transportvilkår for NSB
Her finn du transportvilkåra for NSB, dei generelle retningslinjene som gjeld for deg når du reiser med NSB sine tog.
Vilkåra gjeld for reiser frå og med 1. oktober 2010.
Her finner du NSBs transportvilkår på bokmål
Her finner du NSBs Ikke-diskriminerende regler for transport
Rettane til passasjerane etter transportvilkåra gjeld som eit supplement til reglane i forskrift om jernbanepassasjerers rettigheter og forpliktelser av 3. september 2010 nr. 1241 (jernbanepassasjerrettsforskrifta).
§ 1 Rettskrafta til vilkåra
Transportvilkåra gjeld som avtale mellom NSB og kvar enkelt passasjer. Med NSB meiner vi her selskapa NSB AS og NSB Gjøvikbanen AS. Som passasjer reknar vi kvar og ein som ferdast med tog som blir drive av eller køyrt på kontrakt for NSB.
§ 2 NSB si plikt til å transportere passasjerar
A. NSB pliktar å transportere passasjerar med gyldig billett fram til den stasjonen som står på billetten. Transporten skal skje utan unødig opphald, og om nødvendig med anna transportmiddel enn tog.
B. NSB skal på oppmoding opplyse om transporttenesta er tilgjengeleg for personar med nedsett funksjonsevne. Det skal opplysast om vilkåra for på- og avstiging på selskapet sine tog, samt om kva slags hjelpemiddel som finst om bord på toga. Personar med nedsett funksjonsevne skal få tilbod om kostnadsfri assistanse i samband med på- og avstiging av toget. På enkelte stasjonar finst det òg tilbod om assistanse på stasjonsområdet til og frå toget. Sjå nsb.no.
C. NSB pliktar ikkje å transportere passasjerar som ikkje rettar seg etter instruksane frå stasjons- eller ombordpersonalet, er rusa, eller som har ein åtferd som kan utgjere ein tryggleiksrisiko eller vere til sjenanse for medpassasjerar. Dette gjeld òg passasjerar som krev ekstraordinær tilrettelegging i samband med transporten, og når NSB ikkje har hatt høve til å planleggje nødvendige tiltak på førehand, eller dersom NSB av tryggleiksmessige grunnar ikkje reknar det som forsvarleg å ta med passasjeren.
D. Passasjerar kan ved alvorleg brot på transportvilkåra visast bort frå NSB sitt transportmiddel. Som alvorleg brot på transportvilkåra reknar vi mellom anna det å ikkje rette seg etter instruksane frå stasjons- eller ombordpersonalet, eller å oppføre seg på ein måte som kan utgjere ein tryggleiksrisiko eller vere til sterk sjenanse for medpassasjerane.
E. Passasjerar kan ved alvorleg brot på transportvilkåra nektast tilgang til NSB sitt transportmiddel etter først å ha fått ei skriftleg åtvaring om nekting av tilgang på grunn av gjentekne alvorlege brot på transportvilkåra. Passasjerar kan bli nekta tilgang i ein periode på inntil 4 månader. Passasjeren skal sendast skriftleg melding om nekta tilgang. Ei skriftleg åtvaring om nekting av tilgang er verksam i ein periode på 12 månader etter at denne er gidd. Passasjerar som blir nekta tilgang til NSB sitt transportmiddel, kan mot å betale eit administrasjonsgebyr på NOK 150 krevje å få refundert restverdien av månadskort eller billettar dei ikkje får brukt som ein konsekvens av å ha blitt nekta tilgang.
F. NSB kan innstille togavgangar og omdisponere togmateriell når dette er nødvendig av årsaker som ligg utanfor NSB sin kontroll, for eksempel ved ekstraordinære vêrforhold eller naturøydeleggingar, uventa problem med køyrevegen, offentlege påbod og forbod, streik og lockout osv.
§ 3 Bagasje
A. Passasjeren kan ha med seg handbagasje på inntil 30 kg, og maksimum 3 kolli, som passasjeren sjølv tek med seg inn i toget og plasserer på ein eigna plass. Det same gjeld ski, barnevogner og liknande. Syklar, pulk, sykkeltilhengar og liknande kan takast med etter nærmare fastsette vilkår. Sjå www.nsb.no. Passasjeren må sjølv halde tilsyn med bagasjen under togreisa.
B. Kjæledyr kan takast med dersom dei blir plasserte på tilvist plass. Ombordpersonalet har rett til å avvise passasjerar som har med seg dyr, dersom dyret/dyra er til sjenanse for medpassasjerar eller det oppstår ein tryggleiksrisiko. Eigne reglar gjeld for førarhundar i teneste og assistansehundar for funksjonshemma. Desse er tilgjengelege på www.nsb.no.
C. Eldfarlege og eksplosive stoff og annan bagasje som heilt tydeleg kan utgjere ein tryggleiksrisiko, kan ikkje takast med inn på toget.
D. Våpen til jakt og sport, samt til personell i Forsvaret, kan aksepterast og takast med inn på toget. Våpeneigaren må kontakte ombordansvarleg før påstiging. Av tryggleiksårsaker kan ombordansvarleg nekte passasjeren å ta med våpen og ammunisjon ombord i toget. Under transporten er våpeneigaren sjølv ansvarleg for våpen og ammunisjon, og for at det blir helde tilsyn under hele reisa. Skytevåpen skal vere tomt for ammunisjon. Våpenet skal vere nedpakka i futteral, bag, veske, sekk eller liknande, og sluttstykke skal oppbevarast åtskilt. Det er ikkje tillate å transportere våpen i hylster o.l. som blir bore på kroppen. Inntil 5 kg ammunisjon kan takast med, så framt det er pakka i originalemballasjen.
§ 4 Billettar
A. Med billett meiner vi billettypar og reisebevis som er godkjende av NSB, inkludert billettar i elektronisk form. Reglar for kjøp, kansellering og refusjon avheng av type billett. Sjå www.nsb.no dersom du vil ha meir informasjon.
B. Forfalsking av billett fører til gebyr for dokumentforfalsking, som er fastsett av Samferdselsdepartementet, og/eller til politimelding.
C. Passasjerar som ved kontroll ikkje har billett som er stempla eller på annan måte gyldig kontrollert, vil bli pålagde eit gebyr fastsett av Samferdselsdepartementet. Passasjerane kan kjøpe billett i betent vogn. Ein eventuell kontroll i betent vogn vil ikkje bli gjennomførd før alle kundar har fått høve til å kjøpe billett av konduktøren når han/ho går gjennom vogna. Kjøp og validering av elektroniske billettar skal skje før ombordstiging. Passasjerar som ikkje kan vise fram gyldig billett/kort ved kontroll, og som heller ikkje betalar gebyret på staden, skal oppgi rett namn, adresse og fødselsdato og vente på at identitetsopplysingane blir stadfesta, slik at NSB seinare kan krevje inn betalinga av gebyret.
§ 5 Tilbakehalding av reisande utan gyldig billett/kort
Kontrollørane til selskapet kan halde tilbake reisande når vedkomande:
a) ikkje viser fram gyldig billett/kort i vogn merkt "ubetjent"
b) ikkje betaler tilleggsavgiftsbillett på staden
c) ikkje oppgir rett namn, adresse og fødselsdato
Den reisande kan haldast tilbake så lenge vedkomande ikkje oppgir rett namn, adresse og fødselsdato. I tillegg kan den reisande òg bli halden tilbake mens ein arbeider med å stadfeste opplysingane vedkomande har gitt. Dersom den reisande likevel betaler tilleggsavgiftsbilletten, skal tilbakehaldinga avsluttast. Tilbakehalding kan ikkje skje dersom dette etter forholda vil vere eit urimeleg inngrep. Personar under 15 år kan haldast tilbake i samråd med politiet.
§ 6 Generelle reglar for reisa
Det er ikkje tillate å stige på eller av mens toget er i bevegelse eller stoppar mellombels utanfor stasjon, ved kryssingsspor, ventar på signal eller liknande. Det er heller ikkje tillate å opne utgangsdører mens toget er i fart eller når toget stoppar utanfor stasjon. Passasjerane skal etterkomme instruksane frå ombordpersonalet.
§7 Forseinking
A. Med forseinking meiner vi at toget kjem for seint fram til destinasjonen i forhold til NSB sin ruteplan. Med vesentleg forseinking meiner vi alle NSB sine tog mellom Oslo og Trondheim, Oslo og Bergen, Oslo og Kristiansand/Stavanger, og Trondheim og Bodø som er meir enn 60 minutt forseinka. For andre tog blir 30 minutt forseinking rekna som ei vesentleg forseinking.
B. Ved vesentleg forseinking kan passasjeren fremje krav om å få dekt dokumenterte påreknelege direkte utgifter, avgrensa oppover til 2/10 av Folketrygdas grunnbeløp, for eksempel:
1. Utgifter til rimelegast mogleg alternativt transportmiddel fram til destinasjonen, dersom NSB ikkje innan rimeleg tid har funne eit anna transportalternativ for strekninga.
2. Nødvendige telefonutgifter.
3. Kost og losji når dette er nødvendig, og der NSB ikkje skaffar dette kostnadsfritt for kunden.
C. Erstatning kan likevel ikkje krevjast dersom passasjeren, trass i forseinkinga, har nok tid til å nå avgang for vidare transport. Passasjeren pliktar å avgrense eit eventuelt tap ved å berekne rimeleg tid frå framkomst til stasjonen til avgang med korresponderande transportmiddel, jf. § 7 A.
D. Erstatning kan likevel ikkje krevjast dersom passasjeren ikkje har berekna tidsmarginen på 60 minutt for alle NSB sine tog mellom Oslo og Trondheim, Oslo og Bergen, Oslo og Kristiansand/Stavanger, og Trondheim og Bodø, og 30 minutt for alle andre tog. Dette gjeld tilsvarande òg toget sin framkomst til flyplassen og innsjekkingstidspunkt for fly. Dette inneber at det må reknast 60/30 minutt ekstra tid ved framkomst til flyplassen i tillegg til innsjekkingstida til flyselskapet.
E. Erstatning kan ikkje krevjast dersom passasjeren var blitt opplyst om forseinkinga, den tapte korrespondansen eller innstillinga av toget før eller ved kjøp av billetten. Det same gjeld òg dersom passasjeren trass i forseinkinga, eller etter ombooking, har komme fram til destinasjonen i tide eller med ei forseinking på maksimum 60 minutt.
F. Erstatning kan ikkje krevjast dersom forseinkinga eller innstillinga av toget skuldast forhold utanfor NSB eller Jernbaneverket sin kontroll, for eksempel ekstraordinære vêrforhold eller naturhendingar, offentlege påbod og forbod, streik og lockout osv.
G. Når ei reise inneber bytte av tog, er overgangstida minimum 60 minutt for NSB sine regiontog mellom Oslo og Trondheim, Oslo og Bergen, Oslo og Kristiansand/Stavanger, og Trondheim og Bodø. For andre tog er overgangstida minimum 30 minutt. For reiser der det er valt kortare overgangstid, har ikkje passasjerar krav på alternativ transport ved forseinking eller driftsavbrot.
H. Når det er rimeleg å vente at toget kjem meir enn 60 minutt for seint fram til den endelege destinasjonen i samsvar med transportavtalen, skal passasjeren omgåande få valet mellom:
1. refusjon av billetten i sin heilskap på same vilkår som då han blei kjøpt, for den delen eller dei delane av reisa til vedkomande som ikkje er gjennomførd, og for den delen eller dei delane som allereie er gjennomførd, dersom reisa ikkje lenger er av interesse i forhold til den opphavlege reiseplanen til passasjeren, samt ei returreise til avgangsstaden dersom det er relevant
2. å halde fram eller leggje om reisa på tilsvarande transportvilkår til den endelege destinasjonen ved første høve, eller
3. å halde fram eller leggje om reisa på tilsvarande transportvilkår til den endelege destinasjonen på eit seinare tidspunkt etter ønskje frå passasjeren.
I. Dersom det oppstår forseinkingar på over 60 minutt, skal passasjerane kostnadsfritt få tilbod om dette:
1. måltid og forfriskingar som står i rimeleg forhold til ventetida, dersom slikt finst om bord på toget eller på jernbanestasjonen, eller dersom dette kan leverast på rimelege vilkår
2. hotell eller anna innkvartering samt transport mellom jernbanestasjonen og innkvarteringsstaden dersom det er nødvendig med eit opphald på ei eller fleire netter, eller dersom det er nødvendig med ytterlegare opphald, når og dersom dette lèt seg gjennomføre fysisk
3. transport frå toget til jernbanestasjonen, til ein alternativ avreisestad, eller til den endelege destinasjonen for togsambandet dersom toget blir ståande på sporet, og dersom dette lèt seg gjennomføre fysisk
Når passasjeren ber om det, skal NSB stadfeste på billetten at toget er forseinka, og at forseinkinga eventuelt har ført til tapt korrespondanse, eller at toget er innstilt.
J. Passasjerar som blir forseinka til framkomststasjonen, kan krevje å få erstatta 50 % av billettprisen ved
1. forseinking på over 60 minutt med NSB sine tog mellom Oslo og Trondheim, Oslo og Bergen, Oslo og Kristiansand/Stavanger, og Trondheim og Bodø
2. forseinking på over 30 minutt på alle andre tog
Reisande med periodebillett blir gitt erstatning for billettprisen etter same prinsipp som nemnt ovanfor, men delt på det talet på dagar periodebilletten er gyldig i. Maksimal samla erstatning for ein periodebillett er avgrensa oppover til 50 % av det billetten blei kjøpt for.
§ 8 Manglar
A. Det ligg føre ein mangel dersom reisa ikkje svarer til det passasjeren hadde grunn til å forvente ut frå prisen på reisa, reisevilkåra og reiseinformasjonen. Passasjeren som meiner at det ligg føre ein mangel, pliktar så sant det er mogleg å informere personalet i NSB om dette utan ugrunna opphald. Dersom mangelen ikkje blir utbetra under reisa, kan passasjeren krevje eit forholdsmessig prisavslag.
B. Dersom passasjeren blir påførd utgifter til alternativ transport eller andre nødvendige tiltak på grunn av feil informasjon frå personalet i NSB, feil utferda billett eller feil informasjon i rutepublikasjonar, kan passasjeren krevje erstatning for direkte påreknelege dokumenterte utgifter som feilen har ført til. Passasjeren pliktar likevel i rimeleg grad å avgrense utgiftene.
§ 9 Handsaming av klager
Krav med grunnlag i § 7 B og J, samt § 8 A og B, må setjast fram skriftleg og utan ugrunna opphald innan 3 – tre – månader etter hendinga. Dokumentasjon (originale reisedokument osv.) må leggjast ved, og kravet skal sendast til NSB Servicesenter, Prinsensgate 7–9, 0048 Oslo. Kravet skal innehalde en utgreiing av hendingsgangen i saka. Dersom det blir sett fram fleire krav om erstatning knytte til same periodebillett, skal desse sendast samla til NSB etter utgangen av billettperioden. Eit eventuelt krav på erstatning skal utbetalast innan ein månad etter at NSB har teke imot kravet og nødvendig dokumentasjon av dette.
§ 10 Generelle ansvarsreglar for NSB og passasjerane
NSB sitt ansvar for passasjerane og handbagasjen deira er regulert av jernbaneansvarslova av 10. juni 1977 nr. 73. Passasjeren pliktar å erstatte skader som blir påført NSB ved forsett eller aktløyse.

