NSB Regiontog type 93
Toget har ein krengjemekanisme som gjer det mogleg å køyre raskare på strekningar der terrenget har mange kurver.
Toget er relativt lite og svært fleksibelt. Toget har eit veldig lågt dieselforbruk og er derfor svært miljøvenleg.
Toget har rullestolheis, og toalettet om bord er tilpassa rullestolbrukarar.
Nokre tal for NSB Regiontog Type 93
- Tal på passasjersete: 76 og 8 ikke reserverbare klappstoler
- Tal på tog: 15
- Tal på vogner per tog: 2
- Rullestolplassar: ja
- I trafikk på strekningane: Trondheim - Bodø, Dombås - Åndalsnes og Trondheim - Røros - Hamar.
- Toppfart: 140 km/t
- Tilbod om bord: NSB MENY Automat og på enkelte strekningar er det mogeleg å bestille enkel mat.
- Produsent: Bombardier
Trykk på bileta for å sjå dei i større format.





