Korleis arbeider vi for å vere miljøvenlege?
NSB er eit miljøvenleg selskap. Gjennom eit e-læringskurs har dei tilsette lært kvifor vi er miljøvenleg og korleis kvar enkelt kan bidra.
NSB gir kundane miljøløfte
NSB si viktigaste miljøoppgåve er å få fleire til å reise med tog. Ei jernbane med dobbelt spor kan frakte like mange passasjerar som to firefelts motorvegar. Det at både menneske og gods blir frakta med tog bidreg dermed til å løyse klimautfordringane verda står overfor.
1. Vi skal bruke fornybar energi
90 prosent av alle toga går på straum frå vasskraft, som er ei fornybar energikjelde. Mindre bruk av olje, kol og gass gir mindre utslepp av skadelege klimagassar.
2. Vi skal spare energi
I 2005 starta NSB, med støtte frå ENOVA, eit ENØK-prosjekt som hadde som mål å spare straum tilsvarande forbruket til 3000 husstandar i løpet av ein fireårsperiode. Etter to år var målet nådd.
I staden for å avslutte der og seie oss fornøgd med eigen innsats sette vi oss nye mål. I tida fram mot 2012 skal vi spare straum tilsvarande nye 2000 husstandar.
3. Vi skal kjeldesortere
NSB-konsernet har innført kjeldesortering av avfall i heile konsernet, men ønskjer å auke sorteringsgraden av avfall.
På alle regiontog og nyare lokaltog er det lagt til rette for kjeldesortering av avfall. Vi sorterer papir, papp, flasker/pant og restavfall.
4. Vi skal gjere miljøvenlege innkjøp
NSB skal stille miljøkrav til alle innkjøp, både små og store. NSB kjøper 50 nye tog som blir levert i 2011–2012. Her er det stilt strenge krav til leverandøren både når det gjeld sjølve toget og til produksjonen.
5. Vi skal redusere forbruk
NSB skal ikkje bruke meir enn vi må, og vi skal ikkje kjøpe meir enn vi treng. NSB-konsernet skal redusere bruken av material og kjemikaliar som gir eller kan gi miljø- og helseskadar.
NSB ønskjer å redusere bruken av papir. Tilrettelegginga av elektroniske rutetabellar, meir bruk av nettet, tenester rett på mobilen eller e-post har i stor grad bidrege til å redusere papirforbruket.
6. Vi skal rydde opp etter oss
NSB sin nullvisjon er ingen skade på miljøet som følgje av verksemda til selskapet. Eit viktig punkt for å nå dette målet er å rydde opp på verkstadområde samt å reinse opp på dieselpåfyllingsstader.
I tillegg skal vi sikre at det ikkje oppstår alvorleg miljøskade som følgje av uønskte hendingar.

