NSb på mobilen
NSB Komfort
Kjøp billett på forhånd

Miljøstipend

Frivillige organisasjonar, grupper og enkeltpersonar kan søkje om tilskot til saker som er i tråd med verdiar som betre miljø, samfunnsansvar og nytte, og som er knytte til transport og samferdsel.

Foto: Øyvind Haug

NSBs miljøstipend

Miljøstipendet skal bidra til å synleggjere ansvaret for og moglegheita til å skape eit betre miljø. Saker det blir søkt om støtte til, må vere i tråd med verdiar som betre miljø, samfunnsansvar og nytte og vere knytte til transport og samferdsel.

Om miljøstipendet

Frivillige organisasjonar, grupper og enkeltpersonar kan søke om tilskot. NSB tek òg imot forslag om påskjøning til personar og organisasjonar som har gjort noko rosverdig.
Økonomisk støtte til konkrete aktivitetar blir gidd på grunnlag av beskriving av tiltaket, budsjett/rekneskap og eit krav om sluttrapport. Fristen for å søkje er 15. april og 15. oktober kvart år.

Retningslinjer

Støtte frå NSB til miljøtiltak blir delt ut 1. juni og 1. desember kvart år av konsernsjefen i NSB.
Frivillige organisasjonar, grupper og enkeltpersonar kan søke om støtte.
NSB tek òg imot forslag om påskjøning til personar og organisasjonar som har gjort noko rosverdig.

Miljøstipendet skal bidra til dette:

  • å få gjennomført tiltak som støttar føremålet med miljøstipendet – heil eller delvis finansiering
  • å formidle idear, forslag og resultat av gode løysingar
  • å fremje andre aktivitetar som støttar opp under føremålet med miljøstipendet
  • å støtte gjennomførte tiltak som fortener ekstra merksemd