Velg fra–til stasjon og utreise/retur for å sjekke togtider.

Minipris fra 199,- mellom Oslo og Skien
Sov deg til reisemålet - les mer om NSB Sove
Kjøp billett via vår app!

Historia til NSB-konsernet

NSB AS er eitt av dei viktigaste transportselskapa i landet og har tradisjonar tilbake til opninga av den første jernbana i Noreg i 1854.

Fram til 1. desember 1996 var NSB eit forvaltingsselskap under Samferdselsdepartementet. Då blei NSB etablert som særlovsselskap, NSB BA.

Ansvaret for infrastruktur og tilsynsmynde blei behalde som forvaltingsverksemd, og Jernbaneverket og Statens Jernbanetilsyn blei oppretta.

1. juli 2002 blei NSB gjort om til aksjeselskap med staten ved Samferdselsdepartementet som eigar. 1. januar 2003 blei dotterselskapet Flytoget AS lagt ut av NSB-konsernet og flytt til Næringsdepartementet.

Kjerneverksemda til konsernet er persontrafikk med tog og buss samt godstrafikk på jernbane.

NSB-konsernet har Norden som marknad og består av ei rekkje heil- og deleigde dotterselskap i Noreg, Sverige og Danmark.

CargoNet, Rom Eiendom, Nettbuss, Mantena og Arrive er organiserte som eigne konsern med dotterselskap. CargoNet, Nettbuss AS, Rom Eiendom AS, Mantena AS og NSB Gjøvikbanen AS er blant dei heileigde selskapa. NSB Gjøvikbanen AS vann konkurransen på Gjøvikbanen i mai 2005.

I Sverige eig NSB alle aksjane i Svenska Tågkompaniet AB, som har ruter i Midt-Sverige.

I Danmark har Nettbuss eit dotterselskap mellom anna med bussrute i sentrale delar av København. Denne ruta er den største bussruta i landet.